Framside   IAESTEs Næringslivsdager   Om bedriftsguiden
Alle linjer
Akvakultur
Biologi
Bygg
Elektro
Energi
Fysikk
Geofysikk
Geologi
IT / Informatikk / Dataing.
Kjemi
Marinteknikk
Maskin / mekaniske
Matematikk
Nanoteknologi
Petroleumsteknologi
Prosessteknologi
Økonomi / adm.

IAESTEs Bedriftsguide

Kjære student!

Dette er din guide til bedriftene som vil delta på IAESTEs Næringslivsdag i Bergen 2. februar. Det kjem bedrifter frå landet rundt, og informasjon om kva studentar dei er ute etter, og kva dei kan tilby deg finn du i denne guiden. Næringslivsdagen er ein unik moglegheit til å skaffe seg inspirasjon, råd om studieval, sommarjobb eller fast tilsetjing. Og med dagens situasjon i jobbmarknaden er dette meir aktuelt enn aldri før.

Finanskrise er vel eit ord dei fleste byrjar å verte leie av, men det er ikkje tvil om at situasjonen for nyutdanna er ein annan idag enn kva den var for eit par år sidan. Eg føretrekk å sjå på finanskrisa som ei påminning. Ei påminning om at verda ikkje er så statisk og stilleståande som ein ofte har lett for å tru når jobbmarknaden blomstrar og den økonomiske situasjonen er god. Me er i dag i endringas tidsalder, teknologiske framskritt, global økonomi og ikkje minst endringar i klima tyder alle på at dagen i morgon vil verte forma av handlingane våre idag.

Det er ikkje lenger sjølvsagt at draumejobben ligg og ventar på deg etter endt bachelor/master eller PhD. Men ved å delta på næringslivsdagen, kan ein snakke med bedrifter om kva jobbar som er tilgjengeleg, kva fag som er lurt å velje, samt få innspel på kva dei synst om din CV eller dine karakterar.

Det vil óg verte halde kurs av Manpower Professional Engineering i intervjuteknikk, noko som absolutt er verdt å få med seg.

Til slutt vil eg ynskje deg hjarteleg velkommen, og oppmoda om å ta med deg CV og karakterutskrift til Realfagbygget 2. februar!


Kjetil Lavik
Leiar, IAESTEs Næringslivsdag i Bergen 2010


Framsida av IAESTEs 
Bedriftsguide 2009
Trykk på biletet over for PDF-utgåva
av den trykte bedriftsguiden (6 MB).